Krekafossens Brus ein suksess !

To friske nederlendarar, som fyrst hadde vore med oss på ein spennande raftingtur, var overvelda over kor flott det var i Mørkridsdalen og hadde lyst til å prøve fleire av våre tilbod.
Dei hadde bestemt seg for å sjå på huset til den fredlause og oppleve dei flottaste fossane i distriktet på nært hald.

Så saman med ei flyvertinne frå KLM og ein IT sjef i Reuters rusla me oppover stien frå Mørkrid til Drivandefossen og vidare ut av turistvegen til Gurosetefossen, Kolmileplassane, Svarthol og den nærast usynlege kulturminnet med huset til den fredlause.

Dei var heilt forundra over at denne plassen ikkje var meir kjend enn det den er, sa flyvertinna då ho kom til Svarthol og skogen opna seg og Gurosetefossen sto foran ho med sin stoltheit. Dei var heilt målause og då dei fekk smake på det friske fossevatnet, vart dei ikkje mindre imponert. Å kunne drikke vatn rett frå elva var heilt uvanleg for dei. IT sjefen brukte flittig kameraet sitt og gledde seg til å vise det fram til sine arbeidskollegaer.

Turen gjekk vidare opp til murane til huset til den fredlause, men mosegrodde steinar var litt uvant for dama som var mest vant med å gå i flykabinar rundt omkring i verda. Dei fekk alikevel sett stova og var imponert over staden og historien om den.

Dette var utan tvil den mest opplevelsesrike dagen dei hadde hatt – sa dei. Det var flott på Nigardsbreen òg (der dei var dagen før), men denne staden her var meir unik og mektigare ettersom denne ikkje kjend.

Dei meinte me burde fyre opp eit bål ved elva, men fyrstikkene hadde me lagt att heime :)

Visitt hjå Eiker Paintball Klubb i Hokksund

I tillegg til skogsbana me har under bygging i Mørkridsdalen, jobbar me med å finne ut om det har noko føre seg å investere i ei speedballbane, med oppblåsbare vern. Derfor var jeg en kjapp visitt innom EPK (Eiker Paintball Klubb) sitt nye anlegg i Hokksund for å innhente litt info og se litt på hvordan de spilte og høre erfaringer. Dette var en givende visitt!

Åpen dag, PAINTBALL

Skjolden Rafting arrangerer for første gong Open dag med paintball på den kommande skogsbana Larsamoøy i Mørkridsdalen, ca 6 km fra Skjolden. Bana er ikkje ferdig så vi køyrer med sterkt reduserte prisar, med diverse spel på øya slik som den er.  Dersom stemningen er der kan me også fyre opp til grilling (gje beskjed om det på forhånd). Ta evt med grillmat. Det er meldt bra vèr.  Minimum antal personer (gjester) er 4.  Pris kr 300.- per pers, som inkluderer fullt utstyr med 200 ball, maske, markør med luft, kjeledress, løpskondom og halsbeskytter, samt transport frå Skjolden dersom behov.

Raftingsesongen er avsluttet for 2008

Da er sesongen for rafting over for i år. Vi har hatt en bra sesong og en flott utvikling av våre produkt. Antall turer med folk på elva er nok endel mindre enn i fjor, men vi har hatt flere større grupper i år enn tidligere. Dette ser svært positivt på og som er litt av målet vårt. Den største gruppa vi hadde i år var på hele 26 personer samtidig.

Vi har også hatt suksess med utdrikkingslag i år med både rafting og paintball og kombinasjon med begge aktivitetene. Dette tiltross for at vi starta med paintball for første gang i juni i år.

Paintballen vår får eiga heimeside

Dette vil bli hovudsida for vår paintballaktivitet og arbeidet med design og innhald har starta i desse dagar. Her vil du etterkvart kunne finne det meste om aktiviteten vår.

Grunnen til at me har valgt å ha ei eiga side for paintball er at me vil at folk lettare skal finne den informasjonen dei er ute etter. Domenenamnet lusterpaintball.no er og passande ettersom mesteparten av gjestene våre er spreidd over heile Luster kommune.

Det er også oppretta ei eiga gruppe på facebook, som alle fritt kan melde seg på. Når du er påmeldt på gruppa får du anledning til å motta invitasjonar til våre arrangement for paintball. Bilder frå arrangement vil hovudsakleg kun bli publisert på facebookgruppa.

Copyright © 2014 Skjoldenrafting.All Rights Reserved